I tida då folk flest ligg i sin djupaste nattesøvn og anar fred og arbeidsro, arbeidar derimot andre for at nettopp dei som søv skal oppleva Bergen sentrum som ein triveleg og rein by. Ove Foldnes og samferdselsetaten i Bergen kommune, ser til at det blir rydda etter andre i sentrum.
Tekst og Foto av Malin Økland og Thomas Åsnes, Bergen Private Gymnas VG3 MK
Samferdselsdirektøren i Bergen kommune, Ove Foldnes (bildet under), ynskjer at bergensarar må tenkje seg om når det kjem til søppelkasting og tilgrising. - Når eg ser nokon kasta søppel, går eg bort og ber dei om å plukka det opp att, seier ein alvorleg Foldnes som legg til at dei er sjeldan vonde å be. - Det søppelet ein ser mest til er pappbeger og andre restar frå fastfoodkjøken som ligg slengde på bakken. Sjølv om det er eit fåtal ungdomar som sleng ifrå seg driten, synast det veldig godt. Det er dessverre ein del som ikkje nyttar seg av bosspanna, seier han vidare.
Ansvar
Samferdselsetaten har ansvar for reinhald av offentlege vegar i sentrum, i tillegg til alle kommunale vegar i Bergen kommune. At innbyggjarar og tilreisande skal oppleva Bergen som ein miljøvennleg og rein by, opptek Samferdselsetaten. Reinhaldet i sentrum og bydelar er styrka ved holdningsskapande arbeid og tilsyn. Den innførte forsøksordninga med byvekter skal overvaka reinhald mot gjeldande politivedtekter. Forsøpling ved brot av ein del paragrafar i politivedtektene, blir det gitt gebyr for.
- Jobben vår er å halda det reint i området rundt det som tidlegare var Bergen kommune, som er sentrum til og med Laksevåg. Vårt ansvar er eigentleg ikkje å plukka bosset, men å sjå til at andre gjer det. Me sørgjer for at bosskorgene blir tømde med jamne mellomrom. Me har ansvar for alle bosspann som er i og rundt sentrum på lyktestolpar, busskur og liknande. For at det skal sjå fint ut har me brukt ein del pengar på å få fine bosskorger. Dette for å unngå straffbare tilgrisingar, beskriven i § 19 i Politivedtekta for Bergen kommune. Dette kan til dømes vere å spytta, kasta glas, flasker, spiker, papir, fruktskal, tyggegummi eller anna avfall, seier han.
Utfordrande
Plakatoppsetting er ei stor utfordring for kommunen. Det kan fort liggja opprive papir som flyt rundt tavlene. Eit av problema er at det blir sette opp ein del plakatar på tavler som ikkje er godkjente, som blir til store mengder visuell forsøpling. Det er berre sju godkjente tavler for plakatoppsetjing i sentrum, så dei som heng opp plakatar utanfor desse tavlene vil få eit gebyr på 500 kr. Når det gjeld reinhald av tavlene blir dei reinska kvar måndag, så eit tips er å ikkje henga opp ein plakat på sundagar.
Det er mest forsøpling i ”lysløypa” Torgallmenningen, Fisketorget og Fløyen, kor det ferdast mykje ungdom. Dei verste dagane er nok natt til torsdagar, fredagar og laurdagar då det er mest uteliv. - Eg skulle ynskje at folk kunne tenkje at det offentlege areal er som sofaareal, seier ein håpefull Foldnes. Han nemner at butikkane på Torgallmenningen har ei fadderorning, som er med å hjelpa til. Ordninga går ut på at kvar butikk, nærliggande Torgallmenningen, tar i eit tak og ryddar på området rundt butikken og plukkar boss, og at fastfoodkjeda ser etter at det er god plass i bosspana sine.
Milde mai månad
Mai er ein månad med fokus på reinhald med tanke på dei store hendingane som 16.mai-kampen, 17.mai og ikkje minst russetid.
- Me plar alltid oppfordra folk til å pynta til 17.mai, slik at me får ei triveleg feiring, seier samferdselsdirektøren. Men då me spør han om russen er eit synleg forureiningsfenomen, svarar han tvert i mot.
- Bank i bordet! Eg kan ikkje seie at me har dårlege erfaringar med russen. Dei er faktisk gode til å rydda opp etter tilstellingane sine, og kome tilbake og ordna opp om det har vore klagar. Han siktar derimot til studentar generelt, spesielt dei som bur i kollektiv med store felles bosskonteinarar.
- Det som ofte skjer, er at studentane ikkje fylgjer bossbilen sine tømmedagar. Med ein slik uvane kan konteinarane og bosspann fort bli overfylte, og då vil det samla seg rotter og kråker. Me opplever at gjenstandar som sofa og fjernsyn blir lagt igjen på gata når studentar flytter, som kanskje er fordi me ikkje har like gode moglegskapar for resirkulering, som andre stader. Ta det du skal kasta med til ein resirkuleringsstasjon, for det kan ikkje stå på open gate, oppfordrar Foldes.
”La Bergen skinne”
Naturvettaksjonen som Samferdselsetaten, Grøn etat og Oppvekstetaten arrangerar kvart år, er ein del av ”La Bergen skinne”-kampanjen. Dette er eit næringslivssamarbeid som arbeidar for eit reint nærmiljø, kor 90 prosent av skular i byen er med å plukka boss i nærområdet sitt. Også over 50 organisasjonar og klubbar gjer det same. Dei får utdelt bossposar og hanskar av kommunen, i tillegg til ein pengeslant på 25 000 kr for arbeidet. Om sommaren føregår kampanjen ”Rein Bergen”, som samferdselsetaten har fått i stand i samarbeid med Bergen kino. Det blir dagleg vist film mot forsøpling i juni og juli månad, med formål om at folk må ta meir ansvar.
- Om ein japanar ser det ligg eit boss på gata i Tokyo, skal ein ikkje venta mange sekund før han plukkar det opp og kastar det i bosset. Dei plukkar truleg boss her i byen også, når dei er på besøk. Det er ei innstilling eg ynskjer at bergensarar og nordmenn bør læra av. Ein rein by er ein glad by, avsluttar samferdselsdirektøren.
- Kva meinar du Bergen kommune kan gjera med tanke på å unngå forsøpling i byen?
![]() | Jan Roger Evanger, 27 - Få opp ein del bosspann, og få fleire ungdommar som kan gjera tiltak. Det gjorde eg i yngre tider. |
![]() | Rebekka Lisø, 17 - Vanskeleg spørsmål, men eg synast det kunne vore fleire bosskorger. Når eg skal kasta noko, finn eg sjeldan eit bosspann. |
![]() | Ruth Elise Kvammen, 17 - Eg synast det hadde vore ein god idé med søppelpoliti, slik at det blir gitt ei straff for å kasta boss andre stader enn i bosspanna. |
![]() | Felix T. Heim, 18 - Dette plar eg ikkje tenkje over, men det er ikkje motiverande å ta turen til eit bosspann. Mange vel nok den enklaste vegen med å kasta ifrå seg. |
![]() | Alexander Haugland, 27 - Eg meinar at folk må ta ansvar sjølv. |