Vinnaren av Sjur Holsens minnepris 2021 er Ingebjørn Bleidvin, kommuneoverlege i Hadsel og gjesteskribent i Bergens Tidende.   

Sjur Holsens minnepris vart delt ut til Bleidvin under opninga av Nordiske Mediedagar 2021. Prisen går til tydelege, uredde og særeigne stemmer som har prega samfunnsdebatten det siste året. Premien er på 100.000 kroner. 

Bleidvin vart overraska og glad då han fekk melding om at han vart årets vinnar.

– Etter åra med Trump, vaksineskepsis midt i ein pandemi og aukande politisk populisme over heile verda, er opplyst, engasjert debatt noko av det viktigaste me driv med som samfunn. Det å få ein pris for nettopp dette er ei stor ære, seier han.

Gard Steiro deler ut Sjur Holsens minnepris til Ingebjørn Bleidvin.

Gard Steiro deler ut Sjur Holsens minnepris til Ingebjørn Bleidvin. Foto: Thor Brødreskift

 

– Debatt må alltid ha fakta i bunn

Bleidvin fortell at Sjur Holsen sitt ideal for offentleg debatt er noko han brenn for.

– Debatt må alltid ha kunnskap og fakta i bunn. Men den må samtidig klara å engasjera slik at flest mogeleg kan forstå og delta. Kronikkar som støvar ned av kjedeleg språk og berre blir lest av konkurrerande tankesmier, fører ikkje til endring eller framgang. Det er óg viktig at ikkje berre det sedvanlege kommentariatet fører an i samfunnsdebatten. Fagfolk, arbeidsfolk, ekspertar og dyktige entusiastar må takast aktivt med. For min del er fagfeltet medisin, og eg er heldig som kan debattera frå ein veldig fri posisjon. Eg synes at både offentleg og privat sektor har eit stykke å gå for å få fram dei meiningar og den kompetanse som ligg hjå deira tilsette, seier han.

– Folkeopplysning av stor verdi

Sjefredaktør i VG Gard Steiro har sete i juryen saman med sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen og professor i retorikk ved Universitetet i Bergen Jens Kjeldsen. Han fortell at juryen meiner Bleidvin er ein folkeopplysar i Sjur Holsens ånd.

– Då pandemien ramma Noreg, behandla Bleidvin ikkje berre pasientar i Hadsel, men delte óg sine erfaringar frå legekontoret med offentlegheita. Dette var folkeopplysing av stor verdi og høg klasse. Bleidvin er ein fagperson som forstår at formidling er ein viktig del av jobben i helsevesenet. Han vågar å ta standpunkt, men gir óg uttrykk for tvil i møte med etiske dilemma. Tekstane hans er engasjerande, lærerike og gir grunnlag for refleksjon. Dessutan skriv han gnistrande godt, seier Steiro.

Steiro fortel at juryen kvart år leitar etter originale stemmer som fylgjer i Sjur Holsens tradisjon. 

– Me treng fleire debattantar som tar tydelege standpunkt basert på fakta. Vinnaren av minneprisen skal utfordra, men ikkje polarisera. Dei må ha evne og vilje til å engasjera og spreie kunnskap. Juryen føretrekk ikkje naudsynleg etablerte kommentatorar i store redaksjonar. Me gir helst prisen til unge og uredde debattantar som kan prega det offentlege ordskiftet framover, seier Steiro.

– Viktig pris

Holsen var kommentator og politisk redaktør i Bergens Tidende frå 2007 og fram til han døydde i oktober 2013. Han vann fleire prisar for sin journalistikk, og vart heidra med Christieprisen post mortem i 2014.

Det er Sparebanken Vest som har tatt initiativ til minneprisen. Siren Sundland, konserndirektør i Sparebanken Vest og styreleiar i stiftinga Agenda Vestlandet, meiner prisen er viktig.

– Målet med prisen er å fremja interesse for samfunnsengasjement og meiningsbryting, som ein grunnstein i eit demokratisk samfunn, i tråd med Sjur Holsens ånd. Me trenger enkeltstemmene som går føre, og difor er det så viktig å dela ut denne prisen – for å syna at me set pris på dei som tør å ytra seg på vegne av oss alle, seier Sundland. 

Premien er på 100.000 kroner. Desse midlane skal gi vinnaren «nye perspektiv og kunnskap som kan kome oss alle til nytte». Kva Bleidvin skal nytta pengane til, må han tenkje på.

–  Men det må sjølvsagt bli ei reise, slik Sjur oppfordra til, ei reise som gir innsikt, utfordringar og anledning til refleksjon som ikkje er mogeleg å få i kvardagen, seier Bleidvin.

 

Her kan du lesa juryens grunngjeving:

Sjur Holsen meinte det var ei plikt for alle å søkje kunnskap, for betre å forstå verda vi saman har ansvar for. Det sa Monica Dalland Holsen, enka etter Sjur, då han fekk Christieprisen post morten. 

Om vi skal forstå verda betre, treng vi nokon som kan forklare. Om komplekse samanhengar. Om krevjande dilemma. Om kva som er sanning og kva som er løgn. 

Journalistar har sjølvsagt ei rolle her, men Sjur Holsen meinte at det ikkje var godt nok. 

For pressa står utanfor, kikkar inn og fortel kva vi ser. Sjur sakna eit perspektiv som er tettare på. Han ville at dei som var på innsida skulle fortelje, med eigne ord, om røyndomen sin. 

Sit du på unik kunnskap og erfaring, har du ei plikt til å formidle. Kampen for sanninga er ikkje vunnen ein gong for alle. I våre dagar ser vi nye frontar dukke opp. Konspirasjonsteoriar og faktafornekting trugar demokratiske prosessar. Derfor er det viktigare enn på lenge at fagfolk tar samfunnsansvaret sitt på alvor. Dei må skrive og snakke om tema dei er ekspertar på. Og dei må gjere det med engasjement og i eit språk som folk forstår. Dei må vere frontsoldatar i kampen mot vankunne, overtru og populisme.

I 2020 forandra verda seg. Det kom brått på. Eit usynleg virus sette verda på ende og skapte akutte behov. For behandling. For vaksiner. Og for kunnskap. Då pandemien råka, var det mykje vi ikkje forstod. Vi trong fagfolk som kunne forklare.

Vinnaren av Sjur Holsens minnepris kjempa mot pandemien på fleire frontar. På dagtid behandla han korona-pasientar. Når han kom heim, skreiv han dagbok i avisa. Vi kunne følgje kampen mot viruset på kloss hald. Prisvinnaren var open om tvil og dilemma. Han skildra veikskapar ved systemet han er del av. Og han var ikke redd for å seie kva han meinte. Han kom ikkje med synsing, men med velformulerte og fagleg forankra standpunkt. 

Juryen er samrøystes. Dette var folkeopplysing av høg klasse og stor verdi. Prisvinnaren er ein tydeleg, uredd og særeigen samfunnsdebattant, akkurat ein slik som Sjur sette høgt. Han bør vere eit førebilete for andre helsearbeidarar, og han skil seg frå mange kollegaer som deltek i samfunnsdebatten. 

For det første tek han ofte pasienten sitt perspektiv. Han set kvardagen på fastlegekontoret inn i ein større samanheng. For det andre er han ikkje redd for gå inn i krevjande etiske debattar.

Prisvinnaren har skrive reflektert og nyansert om dødshjelp. Han har skildra korleis det er å sitte i ei abortnemnd. Det er tekstar som gir lesarane hjelp til refleksjon om særleg vanskelige spørsmål.

Året 2020 lærte oss kor viktig ærleg kommunikasjon er. Prisvinnaren står som folkeopplysar i ein stolt tradisjon. Idealistar frå ulike fag har gjennom historia vår gjort storverk på dette feltet. Vår prisvinnar  forstår at det offentlege ordskiftet er ein dugnad - og deltek fordi han bryr seg. Han deler kunnskap. Han engasjerer. Og han skriv gnistrande godt.  

Vinnaren av Sjur Holsens minnepris i 2021 er kommuneoverlege i Hadsel og spaltist i Bergens Tidende, Ingebjørn Bleidvin.